tirsdag 24. januar 2012

Fyrste innlegg


Romanen eg og gruppa mi lesar heiter «Kaniaw» og handlar om ei jente med same namn. Ho er ei norsk-kurdisk jente, som bur med sine kurdiske foreldre i Noreg. Gjennom boka får me høyre om hennar reise til Kurdistan for å finne mannen faren hennar har gifta ho bort til for å si at ho ikkje kan gifte seg med ham. Ho er allereie i eit forhold med ein norsk gut. Boka føljer den spennande historia gjennom 3. person, da denne historia er skrevet på nytt av ei jente Kaniaw møtte på ein kafé.


Kva for forskjellar finnes det mellom Norge og Kurdistan?

Fyrst og fremst må eg påpeke at Kurdistan ikkje er eit land, men eit område som omfattar delar av Tyrkia, Nord-Syria, Irak, Armenia og Iran. Det at kurdarane ikkje har eit eige land, pregar deira liv og har ført til mange fiendar og krigar opp gjennom årene.

Eg treng bere eit stikkord for å finne dei mest sentrale forskjellane mellom Noreg og Kurdistan. Det stikkordet er religion. Den dominerande religionen i Kurdistan er Islam, noe som pregar deira levemåte og syn på livet. Dette kan me gje fleire eksemplar på. Til dømes er det nokon muslimske kvinner som verken kan skriv eller les. Dei får seg ikkje utdanning, og endar ofte opp som heimeværande analfabetar.

Dette er ikkje tilfelle her heime i Noreg. Her lærer alle å lese og skriv, kvinner og menn, rik og fattig.  Alle får og har endåtil krav på utdanning. Dei aller, aller fleste skaffar seg arbeid og tene opp pengar sjølv. Me i Noreg ser rart på vaksne menneske som ikkje kan skriv og les. Me syne synd på dei, bedømmer dei inne i hovuda våre og lurar på kvifor i all verda dei ikkje får utdanning. Synet på kvinner i muslimske land får oss til å gispe a fortviling. At eit menneske blir så lite setje pris på grunna av kjønn er skremmande i våre auga. 

1 kommentar:

  1. Dette er ein oversiktleg og fin blogg, som er lett å følgje. Du har med alle dei tinga du skal ha med. Bra! Men er du sikker på at ein kan seie at religion er "rota til alt vondt" som skjer i Kurdistan? Har det ikkje like mykje med kultur og samfunn (rikdom/fattigdom) å gjere? Det er vel ikkje sånn at kristendommen heller er ein spesielt kvinnevennleg religion i utgångspunktet? Kan hende bør du moderere utsegna dine. Når det gjeld nynorsk: Sjekk særleg verb. Lykke til! :)

    SvarSlett